I samsvar med Plan og bygningslova §§12-3, 12-8,12-14 og 14-2 og Forskrift om konsekvensutredning, vil me informere om at Omega IAT skal utarbeide detaljreguleringsplan med tilhøyrande konsekvensutredning for del av gnr 276 bnr 2, 4, 16 og gnr 20 bnr 10 ved Fikse i Vindafjord og Etne kommune. Arealet er i kommuneplanen avsett til LNF-område for natur, friluftsliv, og landbruk.
Føremålet med planarbeidet er i fyrste rekkje å leggje til rette for uttak av massar for produksjon av sand og grus/pukk. Rundt massetaket vil det også bli sett av areal til grøntområde/vegetasjonsbelte. Planområde er på ca 56 da.
Framlegg til planprogram er i tidsrommet 24.10.11 – 06.12.11 lagt ut hos Areal og forvalting, Rådhuset i Vindafjord og på nettsida til Omega IAT as, http://omegaiat.no/om-oss/kunngjoringer. Etter offentleg ettersyn av forslag til planprogram, vil Vindafjord kommune fastsette det endelege programmet for plan – og konsekvensutredninga.
Naboar og grunneigerar blir varsla direkte. Merknader og synspunkt til planarbeidet kan sendast til Omega IAT as, Frakkagjerdvegen 100, 5563 Førresfjorden, eller på epost til hansf@omega.no innen 06.12.11. Det bør skiljast mellom høringsmerknader som gjeld planprogram og merknader som gjeld reguleringsplanarbeidet. Alle mottekne dokument vert sendt til kommunen med planframlegget.
Her kan du laste ned planprogrammet for Fikse aust.
Med vennlig hilsen
Omega IAT
Hans Faye